På nettsidene til Statens kartverk kan du lage din eigen nødplakat, som kan henge godt synleg på hytta. På plakaten ser du hytta sin geografiske posisjon i eit kartutsnitt med GPS-koordinatar. Dermed kan du føre redningsmannskapa rett til hyttedøra.
Redningsmannskap opplever stadig at folk i akutt nød ikkje klarar å skildre godt nok kor dei oppheld seg. Feil eller unøyaktige vegskildringar kan forseinke redningsmannskapa og få store konsekvensar.