Om ny forskrift

Forskrifta vart sett i verk 30.08.2024 og erstattar forskrift 2. juni 2015 nr. 588 om handtering av utgangsstoff for eksplosiv. Forskrifta vidareførar i stor grad tidlegare reglar.

Kvifor ny forskrift?

Den nye forskrifta gjennomfører EU-forordning 2019/1148. Forordninga harmoniserer og styrker kontrollsystemet som avgrensar tilgangen til utgangsstoff for eksplosiv i land i EU/EØS. Den nye forskrifta visar i større grad til reglane i forordninga. Grunnen er at forordningar må bli gjennomført ordrett i norsk lovgjeving. Dessutan er ein del av dei tidlegare norske særreglane no tatt inn i forordninga. Forskrifta ser difor annleis ut og med nye omgrep, utan at det inneberer store materielle endringar i reglane i Norge.

Den største endringa forordninga førar med seg i Norge, er at den legg strengare reglar på tilgangen til nitrometan over 16 vektprosent, og svovelsyre over 15 vektprosent. Denne endringa er allereie innført i Norge frå og med 06.03.2023.

Reglar om ammoniumnitrat blir flytta

Tidlegare har REACH-forskrifta regulert allmenta sin avgrensa tilgang til stoff eller stoffblandingar med 16 vektprosent nitrogen eller meir frå ammoniumnitrat. No overtar forskrift om utgangstoff for eksplosiv reguleringa av slike stoff eller stoffblandingar med ammoniumnitrat.

Kort frist for å melde mistenkelege transaksjonar, svinn og tjuveri til Kripos

Det er viktig at KRIPOS får melding om mistenkelege transaksjonar, svinn og tjuveri så fort som mogleg, slik at politiet kjem i best posisjon til undersøking og etterforsking. I den nye forskrifta er det tidfesta at mistenkelege transaksjonar, svinn og tjuveri skal meldast KRIPOS innan 24 timar.

Det følger også av ny forskrift at KRIPOS skal vere tilgjengeleg døgnet rundt for å kunne ta imot meldingar.

Obligatorisk å bruke kundeerklæringsmal ved kontroll av kunden

Ved sal av utgangsstoff underlagt restriksjonar skal det bli kontrollert at kunden har rett til å ta imot eit slikt utgangsstoff. Nytt er at forskrifta gjer det obligatorisk å bruke kundeerklæringsmalen i vedlegget til forskrifta ved slike kontrollar. Kolonnestørrelse og liknande på skjemaet kan tilpassast ved behov. Skjemaet er tilgjengeleg på www.dsb.no.

Fleire plikter for nettbaserte marknadsplassar

Nettbaserte marknadsplassar får fleire plikter i den nye forskrifta.

Nettbaserte marknadsplassar har ei sentral rolle som mellomledd i transaksjonar som føregår på deira marknadsplass. Nettbaserte marknadsplassar skal difor sikre at brukarane er informert om sine plikter etter forskrifta, og hjelpe brukarane til å etterleve pliktene til å verifisere kunden ved sal av utgangsstoff underlagt restriksjonar.

Det betyr mellom anna at nettbaserte marknadsplassar må informere verksemdene som gjer regulerte utgangsstoff tilgjengeleg på marknadsplassen om:

  • forbodet i § 6
  • kontrollplikta i § 7
  • informasjonsplikta i § 8 første og andre ledd
  • opplæringsplikta i § 8 fjerde ledd,
  • plikta til å rapportere mistenkelege transaksjonar, svinn og tjuveri etter § 9

Nettbasert marknadsplassar må også, på same måte som andre marknadsdeltakarar, ha rutinar for å forebygge, forhindre, oppdage og rapportere mistenkelege transaksjonar.

Noko skjerpa krav til oppbevaring

Det ligg allereie eit strengt krav til aktsemd i forskrifta; ein skal gjere det som er naudsynt for at utgangsstoffa ikkje skal kome på avvege eller i urette hender. Det er presisert i ny forskrift at alle regulerte utgangsstoff for eksplosiv skal vere forsvarleg sikra, og marknadsdeltakarane skal ha kontroll på kven som har tilgang til desse. Tidlegare gjaldt det berre særskilte lagringskrav for utgangsstoff underlagt restriksjonar.

Tiltak som kan bidra til forsvarleg sikring, kan være å:

  • plassere utgangsstoff bak kassa eller på anna eigna område der tilsette har oversikt
  • ha oversikt over besøkande ved verksemda
  • berre gje tilgang til områder for oppbevaring til tilsette med yrkesmessig behov
  • låse innretninga der stoffet blir oppbevart
  • ha rutinar for å låse og lukke dører og vindauge på områder for oppbevaring
  • avgrense åtgang til eigedommen til verksemda
  • installere tjuverialarm
  • installere videoovervaking

Meldeplikt til DSB fell bort

Fram til no har det også vore eit krav om melding til DSB for verksemder som omset utgangsstoff for eksplosiv på liste 1, og som ikkje allereie har meldeplikt til produktregisteret som importør eller produsent. I ny forskrift er det ikkje krav om slik melding til DSB.

Produksjon og innførsel av utgangsstoff for eksplosiv underlagt restriksjonar skal framleis deklarerast til produktregisteret.

Ingen overgangsordning

Det er ingen overgangsordning til dei nye reglane. Det betyr at dei nye reglane gjeld frå og med 30.08.2024.

Forskrift om utgangsstoffer for eksplosiver

Veiledning til forskrift om utgangsstoffer for eksplosiver